I fronten gjekk Jack Merridew og bestemte at no skulle dei jakte, sidan mat er viktig. Piggy og Ralph satt att og ville snakke om saken, halde døra oppe for begge sider, og sørge for at håpet heile tida var tent. Kanskje kom det forbi nokon som såg det og ville redde dei ut or situasjonen. Og bakerst i følgjet til Jack gjekk dei små, «the litluns», litt for redde til å kaste stein, men dei kunne då gje vekk stein så andre kunne få kaste.
Piggy sitt att ilag med dei som ikkje tør å gå ut i gata. Ralph vil gjerne gå ut der, men han torer ikkje, sidan han ikkje vil bli assosiert med Siv Jensen og dei andre som støtter Israel si sak. Jack vil gjerne bli respektert, og han går fremst i eit protesttog som knuser ein butikk som vel ikkje har så mykje med Israel i det heile. Der må han jo berre bli respektert. Ingen andre torer så mykje som han. Ingen andre vil gå med på at dei har vore med han.
Til slutt får dei drepe purka. Dei heng ho opp, sett hovudet på ein stake der alle kan sjå det, om dei berre vil. Imens dei koser seg med kjøtet frå ho blir symbolismen stadig meir roten. Går du i nærheiten av ho blir du berre jaga vekk av stanken og fluger. Kanskje ser du noko ingen andre ser?
Kanskje går du på jakt etter monsteret på andre enden av øya? Du får med deg ein flokk med andre, og du vil ikkje gå heim sjølv om det blir både mørkt og kaldt. Og du finn endeleg ut kvar monsteret bur. Då ingen vil følgje deg inn kallar du dei feige, dei støttar ikkje saka si. Jack må hoppe i hola til monsteret sjølv. Imens er Piggy vorte kasta utfor eit stup, og når dei vaksne kjem til øya trur Ralph at han har alle dei som har overlevd med seg. Hjernen er borte, og motet har kasta seg sjølv i dauden. Attende er fornufta, og ein gut som græt seg i svevn på ein båt til trygt land.
Flugeherren av Palestina
Oslo, på ei øy i Stillehavet ein stad.