(Ja, no skal eg poste nok ei oppgåve som er lage i skulesammenheng. Heng meg.)
Sidan tidenes morgon har menn og bilar blitt sett på som to uskiljelege objekt, noko ein ikkje får gjort noko med i det heile. Bilen er mannens eigendom, nett som symaskina i uminnelege tider har vore kvinnfolk sitt objekt. Ingen veit kva som kom først, bilen eller mannen, men mykje tyder på at bilen kom køyrande til jorda ein dag. Og det var ikkje kvinnfolk som køyrde, for å seie det slik. Dei seier at blant dei alle største oppfinningane i verda, kjem hjulet og elden på topp. Det er ikkje rett at hjulet kjem på topp der, det er berre eit ledd i naturleg evolusjon, det. Elden var rett nok fin å ha då den kom, men hjulet var jo fyrst av alt. I opphavet var hjulet, så kom mannen, og hjulet såg at mannen var god.
Sidan den fyrste mannen kom køyrande inn i sin blå Fiat med plass til to skrikerungar i baksetet, så har me sett ei vanvetig utvikling i nettopp bilverda. Det var folk som begynte å tene pengar på det, og der mannen før i tida laga sin eigen bil når han fekk hår på bringa, kan einkvar no kjøpe seg ein bil, og cruise rundt utan så mykje som ei ørlita blafring i håra på bringa. Ja, nokre har til og med utvekstar på bringa, utan at det stopper dei som sel bilane. Han derre Ford hadde jo eit greit forsøk på bil, men du veit, du slår ikkje ur-Fiaten. Han kom seg, då. Etterkvart blei bilane hans betre og betre, og den dag i dag går det ikkje ein dag utan at du ser restar av han.
Det er merkeleg å sjå korleis evolusjonen har utvikla menneskja. I starten var det menn som satt i bilane, og kvinnfolk fekk kanskje lov til å sitje på, og etterpå gjekk dei ut or bilen og kopulerte. Dei mest skeptiske menna gjekk ikkje lenger enn til baksetet, sidan dei ikkje ville ut or bilen i det heile tatt. Dei levde heile liv i bilen, og kom altså berre ut for å pare seg. Mykje det same som selar og matrosar, som lev heile livet på sjøen, men parar seg på land. Sidan har menn gradvis fått opp døra lell. I starten var det for å legge seg under bilen og sjå ut som dei skruvde. Sidan har dei vorte leie av å få olje i auga, dei gjekk over til å opne panseret og sjå ned i staden. Der fekk dei damp og varm luft i andletet, så dei sette seg fort inn att. Men noko var tent i dei, og dei måtte ut att og utforske verda vidare. Dei fann bagasjerommet og installerte høgtalare. Dei fann Esso, så dei fekk kjøpt wunderbaum, og dei fann turistattraksjonar så dei fekk klistra elgar i bakruta.
Ettersom kvinnfolk fekk lov til å flytte inn hos menna, med symaskin og med mus, blei det ei anna ordning på det. Det heldt ikkje lenger å sove i baksetet kvar einaste natt, og dei ville ha noko betre. Menna forstod, og begynte å bygge større bilar. Den eine SUV’en større enn den andre kom til, og kvinna var nøgd ei stund. Men ein SUV kan ikkje vara evig, veit du, og dei ville ha meir, meir, meir og betre plass. Mannen bygde på ei kasse bakpå, installerte TV han kunne sjå på medan kjerringa laga popcorn og spretta øl, og snart syntes kvinnfolka at dei kunne bu der. Slik vart bubilen til. Det gjekk endå ei stund, og mannen såg seg nødt til å flytte kvinna ut or bilen, men stadig ha tilgang på popcorn og øl, og han bygde derfor ein hengar til ho. Då ho klaga på at det var for luftig, sette han opp veggar og tak, og brått hadde dei ei heil vogn å bu i. Der kunne dei leve, ete, oppdra ungar og sjå dei køyre utafor stup med mopedar som tiåringar. Alt i alt, særs idyllisk.
Tida gjekk, og nett då mannen såg ut til å vere på toppen av evolusjonen, steig han ut or bilen. Han datt saman som ein sekk, og måtte berre sjå på at kvinnfolket tok bilen og køyrde av garde. Med symaskin og med mus. Sidan den gongen, populært kalla det store syndefallet, har menn tapt seg med bilane. Dei slepp til kvinnfolk bak rattet, kvinnfolk skruver bil, ja, det finst til og med kvinnfolk som gnir dei skitne kroppane sine inntil bilar utan anna enn litt undertøy på seg. Godt for dei at dei har såpe, viss ikkje…
Jaudå, det fins menn som køyrer enda, men dei er ikkje lenger den enheiten dei eingong var. No fins det menn som kan gå dagevis utan å sjå på bilen sin, som går på ski istaden for å køyre bil. Som heller vil leike med ein ball enn å polere bilen. Nei, det er berre nokre få mannemenn att, og det er dei som køyrer løp. Bort med Solskjær (kven?), Cohen (god musikk å høyre på i bilen, då), og Petter Stordalen (Jaudå, mannen har jo nok bilar, men bruker han dei?). Inn med Solberg, Schumacher, Gjermund Frostad, Martin Schanche og Chuck Norris. For bil går ikkje på bensin eller diesel, den går på frykt for Chuck Norris.
Kva blir det neste, tru? Kvinnfolk som køyrer rally? Nei, dei får halde seg til hoppsporten, det er der dei høyrer heime.
I tidenes morgon var bil og mann uskiljelege, dei passa som hand i hanske og det fantes ikkje noko finare enn ein mann og hans Fiat. No om dagen er det ikkje nokon som synst det er ser unaturleg ut med ein mann på ein sykkel, eller eit kvinnfolk bak rattet på ein lastebil. Og det er synd. No begynner vel snart menn å lage mat attåt. Akk.
Kilder: Eigne fordommar (kapittel 3, 5 og 8), Bibelen (litt her og der), www.chucknorrisfacts.com (eigen versjon, men inspirasjon derifrå).
2 Comments
Haha, genialt! Liker bloggen din
Takk det samme, du. Jeg har faktisk kikket innom hos deg av og til også, og det er underholdende. Så vet vi det.
(Åh, gud. Jeg er blitt venn med en på blogg.)