Eg vakna i dag og fekk lyst til å drepe ein pave. Ikkje naudsyntvis den me har no, men eigentleg kva som helst slags pave. Ljugepave, sytepave… men kvifor? Kvifor vil folk drepe ein pave, så lenge det kjem ein ny om to-tre veker, som ser akkurat likeins ut. Og om nokon klarar å få ein av dage, så står det fortsatt haugevis med gamle menn i kø. Og den køa går attpåtil så tregt at folk døyr i ho. Godt me ikkje har slike køer her heime, altså…
Kva er opplegget, eigentleg? Finn 100 karar med grått hår, steng dei inne i det sekstande kapellet, og vent på at den finn den rette veden. Drep ein pave, så gjentek berre prosessen seg. Det som hadde vore verkeleg morosamt var om vi fekk ein pave som ikkje likna på dei gamle grå mennene me har i dag. «Vote for change», eller noko.
Stundom lurar eg litt på kvifor folk vil drepe politiske leiare uansett. Det kjem jo berre ein ny ein om litt. Det er jo så sin sak å drepe John Lennon, det får ein berre gjort ein gong, men ein president eller pave? Det kryr av dei, jo. Ære være han som drap John Lennon, han som drap Gandhi, og han som drap Martin Luther Rex. Dei gjorde då noko originalt. Men å drepe Kennedy eller Johannes Paul I, det kan neppe kallas særleg originalt. Det har jo vore så mange som har likna på dei før, både før og etter. Nei, takke seg til ein original mordar, med motiv. Det er jo ein ærleg sak å ikkje like Beatles eller fred, men politikk og religion er trass alt komne for å bli.
Eg høyrde nokon hadde samla fakta om dei to som sammenlikna alle sammentreffa om mordarane til Kennedy og Lincoln. Som at både John Wilkes Booth og Lee Harvey Oswald har 15 bokstaver i namna, at Kennedy blei drepe i ein Ford Lincoln medan Abe Lincoln sjølv blei drepe i Ford Theatre. Det er langt fleire slike samantreff å ta av, om ein er interessert.
«Politikk er de umuliges kunst,» heiter det seg. Eg veit ikkje heilt det. Det er jo såpass mange som driv med det, at det i så fall må vere ganske mange umoglege folk ute i verda. Eller folk utan sjølvinnsikt. Det er nok mest sannsynlig med det fyrste. Og om me har umoglege folk så har me nok eit problem. Men så kan me tenkje vidare. Om umoglege folk blir drepne må vel dei drepas av likesinna, altså umoglege folk. Og om mordarar er umoglege så kan vel ikkje dei drepe moglege folk, kan dei? Så sant du ikkje er politiker eller pave så burde du altså vere trygg for attentatmord, med andre ord. Eit anna spørsmål du kan stille deg er jo då kva andre folk som er umoglege. Og det veit me ikkje, så me må berre gå ut frå at dei einaste mordarane på jorda er pavar, presidentar og lærare. Har du høyrd om paven som drap ein pave, kanskje? Eller om den gongen ein colombiansk president drap ein colombiansk president? Er det umogleg?
Nei, det er ikkje greitt å vete kva ein skal gjere med ein politiker du ikkje liker. Som sagt, om du drep ein så kjem det berre ein til. Og det same gjeld anna uskadeleggjering, anten det går utover pustevegar, kneskåler eller andre ting. Då står ein igjen med yndlingsaktiviteten i gamle (?) regime, anten dei er diktatoriske, kommunistiske, demokratiske eller kapitalistiske. Ja, eg snakkar om den edle sporten korrupsjon. Slik ein edel sport. Det fins ingen sport som er meir nobel, meir avhengig av personlege evner til unnaluring og eigen kapital. Ja, har du fyrst kjøpt ein politiker så har du han for godt. Det er jo ein kjent sak at det politikarar seier står dei for så lenge dei kan. Kanskje er det eit døger, kanskje er det fleire. Berre du hugsar å rapportere til korrupsjonsministeren, så. Og ja, han fins, men han blir berre ikkje betalt av regjeringa. Det er jo sjølvsagt klientanene hans som betaler.
Det er ikkje greitt å vete kva ein skal gjere med desse pavane og politikarane. Eg har høyrd at trugsmål ikkje hjelp i nokon særleg stor grad. Og valutaen ein skal korrupere med er også ein vanskeleg ting. Det er jo nokon italienske pavar som er både polske og tyske, og det er ikkje berre opplagt kva slags valuta dei vil ha. Gode tankar, kanskje? Eller bøner? Eller kanskje sjeler? Same kva ein skal korrupere med må det nok til noko betre enn det eg har sagt så langt. Det er nok ein viss moglegheit for at oblatar er rette valutaen, på tvers av land og alt. Nei, om ein ikkje skal drepe paven så må ein nok bestikke med oblatar. Eg trur det er løysinga.
Så var det presidentar, då…
Pages
Gamle postar oppatt
Kategoriar
7 Comments
Vel. Da var da vel for så vidt bare en av Kennedy også. Det har ikke vært noen som lignet Kennedy verken før eller etter. Om du da ikke skal regne med Obama, men det er litt feil det også.
Og ærlig talt, Chapman var jo fan. Temmelig fanatisk tilhenger, i hvert fall.
Og visste du at Lincoln en uke før han ble skutt var i Monroe i Maryland, mens Kennedy en uke før han ble skutt var i Marilyn Monroe?
Man har da lest sin Jon Almaas, har man ikke?
Men ikke sin Amerikanske Presidenter eller John Lennon?
Kennedy, John selvsagt, var den første katolske presidenten i USA, forøvrig også den eneste hittil. Og det er ikke noe som kan gjentas. Så det var ikke så skrekkelig uorginalt å plaffe ham ned.
Jeg har forresten aldri sett en pave med grått hår.
http://www.culturalcatholic.com/PopeJohnPaulI.htm
Her har du en gråhåra en fra 74.
Og Kennedy ble skutt fordi han var jøde? Det visste jeg ikke. Lærer noe nytt hver dag, visst.
Jøss.
Det vil jeg ikke påstå. Sist jeg tenkte meg om var jøde og katolikk to forskjellige ting. Uansett skal du ikke tro på folk som sier de vet hvorfor Kennedy ble drept.
Mitt poeng var at det egentlig var ganske originalt å skyte den første presidenten i USA som hadde et religiøst avvik.
Den neste planen min om lærdom er å lære meg forskjellen på katolikker og jøder, og ikke minst å lese det rette.
Jeg er igrunn glad jeg hverken er pave, popstjerne eller president…